Foto: Martin Toft
Det var Students at Risk og Scholars at Risk som tok Joanah Mamombe og Abdo Al-Bahish under sine venger, då det begynte å brenna under dei. Slik kom studentleiaren
Fakta om Scholars at Risk:
- Scholars at Risk Network blei etablert ved Chicago University i 1999
- Nettverket arbeider for å verna forfylgde akademikarar over heile verda.
- Har handsama over 2000 meldingar frå forskarar i fare sidan 2001.
- Tar imot mellom 50 og 60 forskarar ved medlemsinstitusjonane kvart år.
- Har medlemar frå meir enn 350 universitet i 36 land.
- I Noreg er 19 institusjonar med i nettverket og det finst også ei eiga avdeling av nettverket.
- Noreg tok imot fire forskarar i 2013-14 og vil ta imot fem eller seks i 2015-16.
- I 2012 fekk grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn UiOs menneskerettspris.
Juni 2015: Scholars at Risk legg fram rapporten "Free to Think" som dokumenterer 333 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar frå 2011 til 2015.
(Kjelder: Uniforum og Scholars at Risk)
Joanah Mamombe under vern ved Universitetet i Bergen medan forskaren Abdoa Al-Bahish fekk ein trygg stad å vera ved Norsk senter for menneskerettar på Universitetet i Oslo. Det er dei glade for.
Begge opplevde å bli arresterte og mishandla i heimlanda sine før dei kom til Noreg. Denne veka møttest dei på UiO, der mange forskarar og studentar under vern var samla til konferansen Academic Refuge, der også grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn var til stades.
Kjempa for rettane til kvinner og studentar
Joanah Mamombe kjempa både for studentrettar og kvinnerettar i Zimbabwe, samtidig som ho tok bachelorgrad i molekylær bioteknolo


































































































