AddToAny

Opptaksutvalet vil ikkje at alder lenger skal trumfa karakterar ved opptak til høgare utdanning

Alderstillegg og kjønnspoeng kan bli fjerna for søkjarar til høgare utdanning og ein standardisert opptaksprøve kan erstatta privatisteksamenar, føreslår Opptaksutvalet. NSO-leiaren er skeptisk til ein opptaksprøve.
Det var i formiddag utvalsleiar Marianne Aasen kunne overlevera rapporten frå opptaksutvalet til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. I rapporten "Veier inn - ny modell for opptak til unversiteter og høyskoler" føreslår fleirtalet av utvalet mange radikale grep for å endra dagens opptakssystem for høgare utdanning.

Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote skal erstattast med éin karakterkvote der alle konkurrerer med karakterane frå den første gongen faga blei bestått. Denne kvota skal gjelda 80 prosent av studieplassane.

Utvalet peikar på at karakterar frå vidaregåande har sterk samanheng med gjennomføring i høgare utdanning, og er ein effektiv og enkel måte å rangera på. 20 prosent av studieplassane skal reserverast til dei søkjarane som treng ein ny sjanse, og som må ta den standardiserte opptaksprøven.

- Alder trumfar karakterar

Eit anna grep frå utvalet som truleg vil vekkja debatt er forslaget om å fjerna både alderstillegg og kjønnspoeng. Når det gjeld argumentet for å fjerna alderstillegget. viste utvalsleiar Marianne Aasen mellom anna at 7 av 10 medisinstudentar har alderspoeng. - På mange måtar trumfar dermed alder karakterar, peika ho på.

For mange unge brukar også altfor lang tid på å samla alderspoeng og å forbetra karakterar i fag som dei allereie kan, konstaterte ho.

- Det er ein klar fordel for studentar med foreldre som har nok ressursar til at dei kan støtta dei over lang tid, poengterte ho.

Kjønnkvotar kan gjera noko med den skeive kjønnsbalansen

Når det gjeld forslaget om å innføra kjønnskvotar i staden for kjønnspoeng, viste ho til at dagens system ikkje har fungert godt nok. Ho trudde forslaget om å innføra kjønnskvotar lettare vil kunna gjera noko med den skeive kjønnsbalansen på fag som psykologi, veterinærstudiet og ingeniørstudiet.

-Målet vårt er at opptakssystemet skal vera mest mogleg rettferdig og lett å forstå, understreka ho.

Og for dei som ikkje kjem inn på det studiet dei gjerne vil inn på med dei karakterane dei har frå den vidaregåande skulen, vil det opna seg ein ny sjanse.

- Det blir ein årleg opptaksprøve der dei får karakterar i fag som dei ikkje har tatt i den vidaregåande skulen. Ho peika på at om alle dagens studentar ville ha vore ein månad yngre i dag når dei begynte på høgare utdanning, ville det spara samfunnet for to milliardar kroner på kvart årskull.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt