Khrono
18.08.2021
- Send brev til både Forskingsrådet, helseføretak og politikarar, oppmodar ei aksjonsgruppe etter at eit forskingsprosjekt om irritabel tarm ikkje lenger får økonomisk støtte.
«VÆR SÅ SNILL, HJELP OSS Å FÅ POLITIKERE OG HELSE VEST TIL Å FORSTÅ ALVORET HER!!HJELP OSS Å BLI SYNLIGE!FYSISKE BREV ER SYNLIGE, OG DE STYRENDE MÅ FORHOLDE SEG TIL BREV DE FÅR!!!»
Les merDette heiter det i innlegget på Facebook-sida «Brevaksjon for fortsatt forskning på IBS». Her vert både dei som sjølve har lidinga irritabel tarm og dei som er pårørande til nokon som har det, oppmoda til å senda brevpost til både Helse- og omsorgsdepartementet, Helse Vest, Forskingsrådet og Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
Bakgrunnen for saka er at eit forskingsprosjekt på Stord, leia av Magdy El-Salhy, overlege og professor ved Universitet i Bergen, ikkje lenger får økonomisk støtte. Både helseføretaket og Forskingsrådet har sagt nei