Finansfokus
20.12.2022
Dei som forvaltar den norske oljeformuen, må kjenne seg så trygge at dei vågar å ta risiko - også når marknadene rasar, meiner Iselin Sommereng og Anders Meland i Oljefondet.
I tredje kvartal 2022 fall verdien av Oljefondet med 449 milliardar kroner, tilsvarande 4,4 prosent. Ingen kan spå framtida, men fondssjef Nicolai Tangen sa i september til Nettavisen at «jeg tror at over de neste fem til ti årene, så vil du ikke tjene penger noe sted.»
Han må gå på jobb likevel. Det må resten av staben òg - inn i det grå betongbygget midt i Oslo, inn dei doble glasdørene, til kontora der fotografar helst ikkje får ta bilete og telefonsamtalar skjer i lydtette rom. Her tener ein pengar på å ta risiko kvar einaste dag. Det er iallfall det som er tanken.
- Dei beste investeringane skjer når vi meiner noko anna enn alle andre - og vi har rett. Det er krevjande å stå i, særleg fordi det kan ta lang tid før vi veit om valet vi tok, var rett eller gale, seier seniorrådgjevar Anders Meland.
EIT BETRE MENNESKE
Han er tilsett i Norges Bank Investment Management, altså Oljefondet, for å sikre at dei rundt 500 tilsette presterer sitt beste.
Meland har doktorgrad i idrettspsykologi - eller prestasjonspsykologi, eit synonym han slenger ut på vegen opp til kontoret. Å jobbe med toppidrettsutøvarar og militære flygarar, slik han har gjort, er nemleg ikkje heilt ulikt å jobbe med nokon av Noregs fremste talknusarar.
- For å prestere godt, må du kunne ta risiko. Du må vite at det er ok å feile, og du må lære av feila. Klarer du d
Gå til medietHan må gå på jobb likevel. Det må resten av staben òg - inn i det grå betongbygget midt i Oslo, inn dei doble glasdørene, til kontora der fotografar helst ikkje får ta bilete og telefonsamtalar skjer i lydtette rom. Her tener ein pengar på å ta risiko kvar einaste dag. Det er iallfall det som er tanken.