I AULA MEDICA: Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet framfor kunstverket i foajeen i Aula Medica.
Foto: Ola Sæther
Det ytre kjennemerket til Karolinska Institutet (KI) er i dag den hypermoderne bygningen Aula Medica på Solna i utkanten av Stockholm. Glass og metall pregar bygningen som skrånar oppover som ei moderne utgåve av Det skeive tårnet i Pisa.
Etter å ha gått inn svingdøra i hovudinngangen, registrerer me oss i resepsjonen, og fortel at me skal intervjua rektor Ole Petter Ottersen. Der ber dei oss om å ta heisen til sjette etasje. Der oppe ventar ein sekretær, og ho viser oss fram til kontoret til rektor Ole Petter Ottersen. Han kjem og helsar hjarteleg på oss. Så sit han seg ned bak eit svært salongbord som han sirleg og systematisk har dandert med forskingsrapportar, statistikkar og andre dokument framfor den berbare datamaskina, som er den faste fylgjesvennen hans. Til høgre på bordet har han plassert mobiltelefonen som blinkar kvar gong han får ein SMS. Det får han ofte.
Bortsett frå at han seier Nårje i staden for Norge, har han ikkje blitt synleg påverka av det svenske språket. Arbeidsdagen hans startar klokka 07.10 og han er ofte ikkje heime i husværet sitt før langt ut på kvelden.
Etter at Ole Petter Ottersen tok til i jobben 1. august, har han brukt mesteparten av tida til å bli kjent med det nye universitetet han er rektor for. - Eg har besøkt alle institutta. No begynner eg å få eit godt innblikk i korleis dette universitet fungerer og korleis det er bygt opp. Det er jo eit heilt unikt universitet, og eit leiande internasjonalt universitet. Og dessutan driv det nettopp med det eg har drive med heile livet, med medisin, og med alle medisinen sine avskyggingar.
PÅ REKTORKONTORET: Ole Petter Ottersen styrer Karolinska Institutet frå rektorkontoret i sjette etasje i Aula Medica. - Dette universitetet er svært synleg internasjonalt på grunn av den høge kvaliteten på forskinga. Dessutan har det ei stolt historie, seier han. (Foto: Ola Sæther)


































































































