KAN BLI BETRE: Noreg kan bli betre i forsking. I dag er Noreg god, men ikkje framifrå, konstaterer OECD-ekspertane Phillipe Larrue (nr.2 frå venstre) og Direk Pilat (lengst til høgre) overfor kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Foto: Martin Toft
Det var ein topptung delegasjon frå OECD som kom til Oslo i dag for å presentera hovudtala i gjennomgangen av det norske systemet for forsking og høgare utdanning. Funna blei presenterte av visedirektør Direk Pilat og prosjektleiar Phillip Larrue. Dei arbeider begge for OECD Directorate for Science, Technology and Innovation. Rapporten blei laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Dette tilrår OECD at regjeringa må gjera for at Noreg skal få framifrå akademiske fellesskap:
- Diskutér val for å utvikla eit par av universiteta til toppeuropeiske universitet.
- Prioriter rekruttering til toppklassar og karrieremodellar
- Innfør neste trinn i resultatbasert finansiering av utdanning, slik at ein kan gi insentiv til forsking og utdanning av høg kvalitet.
- Saman med andre aktørar bør meir av ressursane til høgare utdanning rettast mot framifrå utdanning og forsking.
- Det er ein omfattande forskingsrevolusjon på gang. Akkurat no ligg Noreg på eit gjennomsnitt i Europa, og ligg etter andre nordiske land. Noreg er svært oljeavhengig, men etter ei naudsynt omstilling, vil Noreg kunn


































































































