Uniforum
26.09.2017
- Det er nyskapingar som må løysa klimaendringane, men også den urettferdige fordelinga av rikdom i verda, sa Oslo-ordførar Marianne Borgen, då ho opna Cutting Edge-festivalen i formiddag.
NYE ARBEIDSPLASSAR: Oslo-ordførar Marianne Borgen uttrykte håp om at dei 150 nystarta selskapa i Forskningsparken kunne skapa nye jobbar i Oslo-regionen. I dag opna ho Cutting Edge-festivalen i Forskningsparken i Oslo.
Les merFoto: Martin Toft
Det var nesten fullt i festivalteltet mellom Gaustadalleen og Forskningsveien, då startskotet gjekk for Cutting Edge-festivalen i dag. Ordførar Marianne Borgen hadde store forventingar om at nyskapingar i miljøet rundt Forskingsparken kunne vera med p


































































































