- Det er studentane vi er til for. Dei fortener å få eit godt tilbod. Mange av studentane ved Høgskulen på Vestlandet skal arbeide som ingeniørar, helsearbeidarar, lærarar. Å bu dei på eit yrkesliv er det viktigaste vi gjer, seier Berit Rokne til PåHøyden.
Frå 1. januar vert Berit Rokne øvste leiar for profesjonsutdanningane på Vestlandet. Då trer ho inn i stillinga som den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet. Ho ser framtilarbeidet.
- Høgare utdanning - med alt det inneberer - er noko eg alltid har arbeiddmed, seierho.
Kjenner system ogstruktur
Ei lang fartstid ved Universitetet i Bergen og Høgskulen i Bergen har gjort at ho følar ho kjenner systema og strukturen fråinnsida.
- Eg kan mykje om kor viktig det er med samarbeid på tvers og synlegheit både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Og eg kjenner mange av menneska som jobbar i sektoren. Når det kjem tilden nye Høgskulen på Vestlandet kjenner eg Høgskulen i Bergen best - eg har meir å lære om dei to andre høgskulane, seierBeritRokne.
Det er mindre enn eit år sidan leiarar og styrerepresentantar frå dei tre høgskulane på Vestlandet var samla på hotell på Kokstad. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sine tidlegare oppmodingar om å finne partnerar å fusjonere med, med det siktemål åskape meirrobuste fagmiljøpå Vestlandet, hadde fått ei blanda mottaking påVestlandet.
Fusjon medmotstand
Ved Høgskulen Stord/Haugesund var leiinga positiv til fusjon. I Bergen var ein lunken. Hosfleire grupperingar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var fusjonsforslaget like velkoment som snø i juni. Samtidig var det klart at ein eventuell vestlandsfusjon ville bli styrka dersom fagmiljøa i Sogn og Fjordanevarvelvillige.
Under seminaret på Kokstad blei leiarane einige om å nærme seg kvarandre, først med forsiktige sonderingar, deretter i raskare taktgje