Pengane går til lønn til ein informasjonskoordinator, deler av lønna til dagleg leiar Benedicte Bull og utgifter til arrangement og seminar. No er det ikkje lenger mogleg å bli finansiert frå Utanriksdepartementet, og derfor blei nettverksleiar og professor Benedicte Bull oppfordra til å senda inn ein søknad til forskingsprogrammet NorGlobal der det blir lagt stor vekt på berekraftsmåla til FN.
* Les i Uniforum:
Fekk avslag om støtte frå Forskingsrådet
- Me la inn internasjonale kontaktar som Latin-Amerikainstitutta ved universiteta i Stockholm og Amsterdam, og institusjonar i mellom anna Argentina og Colombia. i tillegg la me til nasjonale samarbeidspartnarar som Universitetet i Bergen, OsloMet og NMBU på Ås. Me fekk dessverre avslag på søknaden om støtte blant anna fordi Latin-Amerika ikkje er eit prioritert område. Utanriksdepartementet svarar at dei heller ikkje kan støtta oss. Om me ikkje får økonomisk støtte, vil det seia at informasjonskoordinatorstillinga, som er den einaste faste stillinga nettverket har, må leggjast ned. Som professor ved UiO får eg lønna mi uansett, så slik sett vil det ikkje gå utover meg personleg, fortel Benedicte Bull.
- Er blitt ein institusjon nasjonalt og internasjonalt
Ho synest likevel det er synd at alle aktivitetane og den daglege informasjonsformidlinga skal bli lagde ned. - NorLARNet er blitt ein institusjon både i forskingsmiljøet her heime og internasjonalt. Latin-Amerika og hos alle andre samarbeidspartnarar er det han som er deira kontaktperson. Informasjonskoordinatoren er limet i nettverket. Om han blir borte, vil nettverket forsvinna, meiner ho.
Inviterer norske universitet til spleiselag
Etter å