Foto: Ola Sæther
Rangeringa til Times Higher Education (THE) ber namnet World University Rankings,og er den mest prestisjetunge rangeringa av alle dei internasjonale universitetsrangeringane. I 2019-utgåva legg dei to britiske universiteta; University of Oxford og University of Cambridge beslag på dei to øvste plassane, medan amerikanske Stanford University tar bronseplassen. For første gong er også eit kinesisk universitet mellom dei 25 beste i verda. Det gjeld Tsinghua University som plasserer seg som nummer 22.
Beste UiO-plassering sidan 2011
Det er nettopp i denne universitetsrangeringa Universitetet i Oslo vert kalla for Noregs flaggskip, og det er blitt lagt merke til at UiO har klatra 25 plassar og opp til plasseringa som nummer 121 mellom verdas 200 beste universitet. Det er den beste plasseringa UiO har fått, sidan Times Higher Education innførte ein ny metodologi i 2011. Redaktør Ellie Bothwell i THE's Global Rankings gir overfor Uniforum uttrykk for at ho er imponert.
- Grunnen til at Universitetet i Oslo klatrar opp