AddToAny

Nord-Noreg går tom for lærarar. Skal Gabrikke ha ein skule å gå til i morgon?

Studieplassane står tomme. No håper universitetet å finne lærarstudentar der ingen skulle tru.
Ungane avsluttar dagen med ein song. Raude i kinna, slitne, men fornøgde, med fuktige luer og varmedressar, stiller dei seg opp på skuletrappa.

Det er ikkje noko spesielt med dette, ei scene som dagleg utspelar seg på hundrevis av andre skular i landet. Dagen går. Klokka tikkar. Ein ny dag kjem. På vesle Sørarnøy skole og barnehage i Gildeskål i Nordland, ser verda likevel litt annleis ut enn ho gjer dei fleste andre stader.

Her, langt oppe mot nord, med ei lysande strand, mellom høgfjell og fjord, som det heiter i Elias Blix' lengtande strofer, er det så vakkert at det kan gjere vondt. Men naturen - som læraren, professoren, salmediktaren, og Gildeskåls store son, skildra så presist for hundre og tjue år sidan - er ikkje nok.

På Sørarnøy skole er det usikkert kor lenge klokka skal tikke, kor mange dagar som skal kome. Faren for at skulen ein dag blir redusert til eit fjernt «Barndomsminne frå Nordland», som er tittelen på Blix' nordnorske «nasjonalsong», er reell.

- Det er sårbart, veldig sårbart, seier rektor Eva-Helen Fagermo.

Éi sjukmelding, og du har ein pressa situasjon, der undervisninga for dei 25 elevane på den fådelte (fleire trinn i same klasse) står i fare. For ei tid tilbake var meir halve staben sjuk over lang tid. Når staben er på sju, og ikkje alle i fulle stillingar, er det ikkje mange igjen.

Besteforeldre stilte opp. Mødrer. Fedrar. Ein lokal advokat la paragrafane til side for å jobbe som assistent og lærar på skulen.

Reknestykket

Då Sørarnøy skole og barnehage nyleg lyste ut ledig lærarstilling, søkte fire kandidatar. Ein frå Beiarn. Ein frå Pakistan. Ein frå ein stad i verda rektor ikkje hugsar namnet på.

Ein av søkarane hadde til overmål kvalifikasjonar, og han var frå Inndyr, kommunesenteret i Gildeskål, på andre sida av fjorden. Heldigvis takka han ja. Skulen og kommunen snudde seg raskt, og ein pendlaravtale med hybel tre dagar i veka gjorde susen.

Sett frå Arnøyane, med tvillingøyane Sørarnøy og Nordarnøy, som heng i hop med ei bru, er det ikkje arbeidsplassar det står på. Ei entreprenørånd har ein gong festa seg i det vêrbitne landskapet og dei 250 innbyggarane, ikkje ulikt mange andre småstader i Nord-Noreg om dagen. Det første du møter når ferja legg til kai er ei anleggssone. Lakseslakteriet Salten 950 er i gang med ei storstilt utbygging.

Næringslivet er avhengig av skulen, reknestykket er enkelt: Dei som skal bu og arbeide her treng skule og barnehage til ungane sine.

Men mange lærarar nærmar seg pensjonsalder. Få utdannar seg for framtida. Nord-Noreg går tom.

I fjor haust, då Khrono gjorde i oppteljing på dei 10 offentlege institusjonane som utdannar lærarar i Noreg, mangla 25 prosent av studentane som var tiltenkt ei utdanning for 1. - 7. og 5.-10.-trinn i grunnskulen. Nord universitets campus i Bodø er blant dei aller verst stilte:

I oktober 2022 stod 74 av 10 studieplassar tomme.

«Alvorleg», var den gjennomgåande kommentaren, mellom anna frå statsråd Ola Borten Moes statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Hoel (Sp). Han var «veldig sikker på at det ikkje er ei enkel årsak». Heller ikkje, sa han til Khrono, kunne han by på «noko trylleformular eller quick fix».

Svara på korleis krisa skal handterast, korleis skulen på Sørarnøy skal skaffe kvalifisert arbeidskraft til å undervise ungane til arbeidarane i det blomstrande næringslivet, var det heller ikkje lett å få auge på.

Men kva om det finst nokon der ute, som skulle, men ikkje kunne? Som ville, men ikkje torde? Som har hatt har for mange plikter der heime? Som når dei berre får kjennskap til kva som er mogleg, kan ta steget inn i ei lærarutdanning og bli gode lærarar i lokalsamfunna dei lever i?

Nord universitetet er i gang med å undersøke dette.

I løpet av nokre vintermånader har representantar frå universitetet turnert i så godt som alle kommunar i heile Nordland gjennom prosjektet Lærer i nord. Kommunane er stort sett ivrige samarbeidspartnarar, til liks med lokale pizzarestaurantar, i håp om utløyse den berømte effek

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt