Khrono
03.06.2023
Det er på høg tid at ferske forskarar får ein medlemsorganisasjon som talar si sak, skriv Anders Hjertø Lind i Organisasjonen ferske forskarar.
Akademia er prega av hierarki og lagdeling mellom forskarar som er tidleg og seint i karrieren. Samstundes som stadig fleire tek doktorgrad, har konkurransen om faste stillingar blitt stadig hardare. Mange forskarar som er tidleg i karrieren lever i laus tilknyting til eit arbeidsliv som er prega av utstrekt bruk av midlertidigheit og jobbusikkerheit. I ein hyperkompetetiv sektor skapar slik prekariatet ein arbeidskultur med stort press og mykje uhelse blant stipendiatar, lektorar og nyutdanna forskarar. Denne prekariteten slår skeivt ut for ulike grupper, med omsyn til til dømes kjønnsidentitet, funksjonsnivå, økonomi og/eller kulturell bakgrunn. Det er lettare å stå i uvissa om ein har pengar og privilegium i ryggen, men vanskeleg for forskarar med nedsett arbeidsevne å delta i ein sektor som er prega av overarbeidd og kunstig låge timesatsar. Akademia blir dermed ikkje eit meritokrati på faglege premissar, m
Les mer