Foto: Ola Sæther
I dag held Senter for tverrfagleg kjønnsforsking til i to etasjar av Nemko-bygningen. I andre delar av bygningen held forskingsgrupper frå Det humanistiske fakultetet og delar av Rettsmedisinsk institutt til. Dessutan har framleis ei stor gruppe Nemko-tilsette sin daglege arbeidsplass i bygningen. Og Uniforum-redaksjonen har også lokala sine i denne bygningen i Gaustadalleen 30. Før 2021 må alle finna seg ein annan stad å vera. Då begynner truleg arbeidet med å reisa eit nytt klinikkbygg for odontologi.
- Ved å riva Nemko-bygningen blir det ekstra plass på tomta. Den kan brukast til å byggja ein bygning som blir finansiert av leigeinntektene frå denne, seier eigedomsdirektør John Skogen.
* * Fakta om OD og nytt klinikkbygg:
OD er landets største fagmiljø for tannhelsefag med ca. 470 studentar og 450 tilsette. Fakultetet utdannar tannpleiarar, tannlegar, tannlegespesialistar og forskarar.
Fakultetet gjennomfører 55 000 pasientkonsultasjonar kvart år som ein del av undervisning. OD står for størstedelen av norsk forsking på feltet. Når nytt klinikkbygg er ferdig kan det gjennomførast 75 000 konsultasjonar.
Det nye bygget vil samla tannhelsefagmiljøa i Oslo. Tannteknikarutdanninga skal overførast frå Høgskulen i