Foto: Martin Toft/Uniforum
Rett før helga gjekk rektor Svein Stølen ut og lova at han ville setja i gang ei kartlegging av seksuell trakassering på Universitetet i Oslo. Tidlegare meinte han det ikkje var naudsynt, ifylgje det han skriv i Rektorbloggen.
Me synest det er flott at Svein Stølen og UiO-leiinga har snudd i den saka. Fleire saker i media både nyleg og frå fleire år tilbake viser at seksuell trakassering også skjer i akademiske miljø og ikkje berre i film- og teaterbransjen og i politikken.
Allereie i 1996 var Universitetet i Oslo på bana med framlegg til ein obligatorisk kontrakt med etiske retningslinjer som alle rettleiarar måtte skriva under på. Bakgrunnen var ei kartlegging som avdekte at 11 prosent av studentane på HF hadde opplevd seksuell trakasse


































































































