Eg kjenner likevel at eg vegrar meg. For debatten eg i realiteten blir invitert til handlar om kjønn og identitet, og er så hard at det fører med seg stor risiko for medfart nær sagt uansett kva for meiningar ein bringar til torgs. Resultatet er at ordskiftet blir dominert av ei veldig lita gruppa på kvar fløy, medan den store majoriteten sit i ro. Dermed blir dei moderate stemmene heller ikkje høyrt. Som alle andre ønsker heller ikkje eg å bli eit gissel for nokon av leirane i slike debattar.
Korleis hamna me her, og kva står på spel?
Det moderne mediebiletet har skapt ei omvelting for offentleg debatt. At fleire no kan sleppe til er normalt av det gode. Med låg terskel for å delta får ein tilgang til eit større mangfald, meir informasjon, større variasjon, betre opplysing - og vonleg og betre avgjerder. At nettbaserte medium ofte ikkje er redaktørstyrte bidreg og til lågare terskel for deltaking, høgare aktualitet og høgare tempo i ordskiftet.
Utviklinga i rammeverket for offentleg meiningsbryting er direkte knytt til ny teknologi, som for det meste har vore positiv for samfunnsdebatten. Samstundes har teknologiutviklinga reist utfordringar på enkelte område. Teknologiutviklinga har heller ikkje stoppa opp. Nye a


































































































