Khrono
24.09.2022
Masteroppgåva handla om spermkval. Men biolog Elisabeth Rødland har skrive doktorgrad om mikroplast og biltrafikk.
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. Ei av dei som har disputert så langt i år, er Elisabeth Rødland.
Les mer- Kvifor valde du det emnet du gjorde?
- Eg jobba i Statens vegvesen i sju år. Mot slutten av denne perioden innsåg eg at eg hadde lyst til å forska. Me hadde ein del problemstillingar me trengde svar på, mellom anna mikroplast på veg. Då vart det sett i gang eit doktorgradsprosjekt, finansiert av Vegvesenet, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet og Norsk institutt for vannforsking (Niva).
- Kan du i korte trekk seia noko om forskingsprosjektet?
- Formålet var å få opp kunnsk