Magnus Vie, Fagsjef HR, Sparebanken Sogn og Fjordane, 62 år.
Kaffe eller te?
Kaffe.
Kva har du på nattbordet?
Mobiltelefon.
Når om morgonen begynner du å tenke jobb?
Når eg vaknar.
Korleis påverkar korona-utbrotet din arbeidskvardag?
Mykje mindre fysiske møter, mindre reiser, mindre sosial og fagleg oppdatering. Blitt litt betre på digitale flater, kanskje meir effektive møter. Sit meir i ro framfor PC på heimekontor enn på kontoret i banken.
Fortel om en hending på jobb som du husker spesielt godt
Når vi fekk den første PC'en på jobb. Trur det var ein Commodore 64, ei fantastisk hending med mykje diskettar inn og ut. Var sikkert tidleg på 80-tallet.
Kva er det morosamaste du gjer på jobb?
Er veldig fornøgd når eg føler eg har bidratt til at andre har lukkast eller fått til noko bra. Er ein positiv sjølv møter ein mykje positivitet - og eg har det stort sett alltid kjekt på jobb.
Kva gjer du for å


































































































