- Olje- og gassindustrien blir det ikkje snakka mykje om på berekraftkonferansane. Det er elefanten i rommet, seier han til Khrono.
Haugan har tidlegare hatt sentrale roller i FN og i Universitetet i Bergens (UiB) berekraftsatsing. No er han engasjert som leiar av ekspertgruppa for det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi, initiert av statsminister Erna Solberg. Panelet er sett til å arbeide fram ei rad rapportar som skal presenterast av 14 stats- og regjeringssjefar på FNs havkonferanse i juni.
The Guardian seier nei takk til ei viktig inntektsskjelde frå olje- og gassindustrien. Dei er mykje modigare enn universiteta. Helge Drange Professor, Universitetet i Bergen
Haugan seier universitetsleiarane unngår visse vanskelege spørsmål - som det som dreier seg om pengar frå olje- og gassindustrien: Gjennom den såkalla akademiaavtalen med Equinor mottar fleire norske universitet til saman 315 millionar kroner fordelt over fem år. Haugan meiner dette ikkje går opp med berekraftsatsinga.
- Med den profilen avtalen har i dag, vil det vere betre å seie den opp, seier Haugan.
- Ein tapt sjanse
I prinsippet er det mogleg, i alle fall i UiBs tilfelle. I avtalen, som Khrono har fått innsyn i, heiter det at begge partar når som helst kan seie opp avtalen med tre månaders varsel.
Ifølgje Equinor går cirka 40 prosent av dei 315 millionane til petroleumsforsking, like mykje går til forsking på fornybare energikjelder.
I tillegg til UiB får Universitetet i Stavanger, Universitetet i Oslo (UiO), UiT Noregs arktiske universitet, Noregs handelshøgskole (NHH) og NTNU pengar gjennom akademiaavtalar. Aller mest for NTNU, 100 millionar frå 2019 til 2024. NTNU har i tillegg ein rammeavtale med Equinor som opnar for støtte til oppdragsforsking på opptil 250 millionar over åtte år.
Equinor har eit årleg forskingsbudsjett på 2,8 milliardar kroner. Om lag halvparten går til eksterne aktørar.
Equinor er i 2020 eitt av 38 selskap med produksjons- eller utvinningsløyve på norsk sokkel, og den norske oljegiganten er ikkje åleine om å spytte i forsking