Khrono
24.02.2021
Medisinutdanning til UiS: Bra for andre universitet, for studentane, for Helse-Noreg og for pasientane, skriv UiS-rektor Klaus Mohn.
At UiB-rektor Margareth Hagen slår eit nytt slag for monopol retten til medisinutdanning på Vestlandet er ikkje uventa. Dei privilegerte sitt forsvar av særrettar er eit klassisk fenomen, også når det gjeld medisinutdanning i Noreg. Etablerte universitet har demma opp mot nykomarar heilt sidan etableringa av Det Kongelege Fredriks Universitet i Christiania i 1811, med avtroppande UiB-direktør si avskjedshelsing til Universitetet i Stavanger ved årsskiftet som siste eksempel så langt.
Les merHaldninga lenger sør på Vestlandet er annleis. Her tenker me meir på korleis me sjølv kan bygge kompetanse og kapasitet til å løyse store samfunnsoppdrag, og at ein viss konkurranse er av det gode - både for kvalitet og kostnadar. Her tenker me at aldring og fortsatt velstandsutvikling reiser utfordringar og behov innanfor helse og medisin som er så store, at åra som kjem vil gje rom for fleire gode initiativ enn våre eigne. Her ser me tydeleg at landet treng fleire legar, og at fleire av desse bør bli utdanna i Noreg. Difor har me samla innsat