BASKETBALL: Professor i kulturhistorie Helge Jordheim (t.h.) og medieprofessor Espen Ytreberg blei kjende med kvarandre på basketballtrening på Blindern. Kjennskapen enda opp med eit felles forskingsprosjekt ved Senter for grunnforsking om korleis media skaper kollektive tider, før og no. Og på senteret er Camilla Serck-Hanssen nyleg begynt i jobben som vitskapsleiar.
Foto: Ola Sæther
Denne hausten starta dei to HF-professorane Helge Jordheim og Espen Ytreberg opp eit
Dette er institusjonane som er med i Senter for grunnforsking:
Universitetet i Oslo,
Universitetet i Bergen,
Universitetet i Tromsø,
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU),
Norges miljø- og biovitskaplege universitet,
Universitetet i Agder,
Universitetet i Stavanger,
Noregs handelshøgskule (NHH),
Handelshøyskolen BI
MF vitskapleg høgskule for teologi, religion og samfunn
Kjelde: Senter for grunnforsking
felles forskingsprosjekt ved Senter for grunnforsking om «Korleis media skaper kollektive tider, før og no».
Basketballen førte dei saman
I over to år har dei visst at dei skulle hit for å forska saman. - Ja, det begynte eigentleg med at me blei kjende med kvarandre på ei felles basketballtrening på Universitetet i Oslo. Etter først å ha snakka litt laust og fast med kvarandre, kom me nærare inn på kva forsking me dreiv på med. Då fann me ut at me hadde ein del felles forskingsinteresser n�