Nokre dagar før klimamøtet starta i Sharm el-Sheikh i Egypt, var universitetsleiarar frå Afrika og Europa samla i Cape Town i Sør-Afrika. Der deltok rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka ved Universitetet i Oslo frå Noreg. Saman med dei andre universitetsleiarane diskuterte dei korleis det akademiske samarbeidet mellom universitet i Afrika og Europa skal organiserast og gjennomf ø rast og ikkje minst korleis dette kan koplast til den nye og ambisi ø se felles innovasjonsplanen til Den afrikanske unionen (AU) og EU (AU-EU innovation agenda) som legg stor vekt på forsking.
- Ei naturleg oppgåve for The Guild
UiO-rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka peikar overfor Uniforum på at The Guild sitt arbeid med dette blei tatt under eit møte på Universitetet i Oslo.
- Det skjedde på eit møte i nord-sør-utvalet i The Guild i Kollegieværelset i Urbygningen i sentrum i 2018. Og me hadde med oss både organisasjonen og den naudsynte kontakten med dei forskingsintensive universiteta i Europa. Så tenkte me at nord-sør-dimensjonen også ville vera ei naturleg oppgåve for The Guild. Då fekk me sett ned ei arbeidsgruppe som også hadde representasjon frå Afrika, fortel Åse Gornitzka.
Svein Stølen er opptatt av at utfordringane dei såg, blei omforma til ein tydeleg politikk. Han trekkjer fram arbeidet til pedagogikkprofessor Peter Maassen.
- Peter Maassen presenterte kunnskapsgrunnlaget i februar 2020, medan ei erklæring som gjekk ut på at me skulle stå saman om dei mange utfordringane som er felles mellom Afrika og Europa blei presentert nokre månader seinare, seier rektor Svein Stølen, før han gir ordet tilbake til Åse Gornitzka
-The Guild i og ARUA er på mange måtar parallelle universitetsalliansar og samarbeidet mellom dei to alliansane er eit godt utgangspunkt for å involvera oss i dei forskingspolitiske sprøsmåla som må reisast, konstaterer ho.
- Mangel på karrierevegar
Sidan The Guild og ARUA allereie hadde eit samarbeid, blei det lettare å kunn


































































































