AddToAny

Mattilsynet: Ny medisin for sjeldne sjukdomar gir for liten helsegevinst

Mattilsynet: Ny medisin for sjeldne sjukdomar gir for liten helsegevinst
Mattilsynet nektar å gi UiO-professor Jens Pahnke løyve til dyreforsøk for å testa ut ny medisin for personar med dei sjeldne lidingane Huntingtons sjukdom og Battens sjukdom.
Grunngjevinga er at dyreforsøka og ein mogleg kur ikkje vil gi ein stor nok helsegevinst for samfunnet.

- Det provoserer oss, seier medisinprofessor Jens Pahnke på UiO og Henrik Rasmussen som leier dyreavdelinga ved Oslo universitetssykehus.

Det var oktober i fjor professor Jens Pahnke ved Avdeling for patologi på Det medisinske fakultetet, UiO fekk det første avslaget frå Mattilsynet på å driva med dyreforsøk for å finna fram til medisin som kan kurera pasientar som har dei sjeldne lidingane Huntingtons sjukdom og Battens sjukdom.

- Begge sjukdomane rammar unge personar og det finst ingen medisin som kan kurera dei. I dag får pasientane berre lindrande behandling. Dei som får den arvelege Huntingtons sjukdom er mellom 30 og 40 år, vil få ukontrollerte rørsler av armar eller bein, men også i resten av kroppen, og sjukdomen gir også psykiatriske forandringar, forklarar Jens Pankhe.

I Nord-Amerika er det 30 000 pasientar med den diagnosen og 150 000 personar vil ha ein genetisk sjanse til å utvikla sjukdomen. I Noreg er det om lag 100 pasientar som har fått den diagnosen og som er i medisinsk behandling. Personane kan leva mellom 10 og 25 år etter diagnosen blei stilt. Fleire veit om dei genetiske forandringane sine, men er enno ikkje sjuke.

Når det gjeld Battens sjukdom så slår den til allereie i barndomen. Den er arveleg og dei som får den mistar synet medan dei er mellom 5 og 8 år.

- Så mistar dei både tale, minne og motorisk kontroll før dei blir heilt avhengige av rullestol i tenåra. I Europa er det i dag 30 000 personar med sjukdomen. Dei kan bli opptil 30 år, fortel Jens Pahnke.

Har utvikla medisin for Alzheimers sjukdom

Det er pasientar med desse sjeldne sjukdomane medisinprofessor Jens Pankhe ynskjer å utvikla ein medisin til gjennom forskinga si ved Institutt for klinisk medisin på Oslo universitetssykehus og UiO. Tidlegare har han og forskargruppa hans klart å utvikla ein medisin for personar med Alzheimers sjukdom. Men før Jens Pahnke kan bruka det nye medikamentet på menneske, må det først testast ut på dyr som utviklar desse genetiske sjukdomane. Derfor har han søkt om å karakterisera Huntingtons og Battens sjukdom og bruka dei i utprøving av nye moglege medisinar ved forsøksdyravdelinga ved Oslo universitetssykehus. Om dei forsøka er vellykka, vil det vera mogleg å prøva ut det moglege medikamentet på personar.

Om Jens Pahnke får lov til å setja i gang med denne forskinga og lykkast med å få fram eit medikament, kan behandlinga av pasientar med Huntingtons sjukdom og Battens sjukdom bli mykje betre.

- I over 20 år har eg arbeidd med slike hjernesjukdomar. Me har dosert mus med magesonder utan problem sidan 2005, og då har me klart å utvikla legemiddel mot Alzheimers. Og me har lurt på om me ikkje også kunne bruka dei same legemidla mot Huntingtons sjukdom og Battens

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt