- Over 500 personar har meint noko om arbeidet med Strategi 2030. Eg burde ha gitt ein blomst til alle, men gir den til webredaktør Ida Marie Bjørknes, sa Morten Dæhlen. Han nemnde også fakultetet si historie frå Observatoriet opna i 1833 og fram til Livsvitskapsbygningen står ferdig om fem år.
- Me vil søkja tettare samarbeid med dei humanistiske faga. Fakultetet tar dei på alvor, understreka Dæhlen.
Han trekte også fram at MN-fakultetet gjer det ganske bra i Europa, men at det framleis er nokre fakultet ved andre europeiske universitet som gjer det endå betre.
- Me er med i universitetsnettverket The Guild og de skal ikkje bli overraska om ein som er student ved UiO, også samtidig er student i Berlin. Det håpar me å få til, varsla dekanen.
LANSERING: Dekan Morten Dæhlen leidde lanseringa av den nye strategien til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (Foto: Ola Sæther)
Vil vera mellom Europas leiande forskingsmiljø
I den nye strategien går det fram at grunnmuren i fakultetet si verksemd er grunnleggjande langsiktig forsking i matematiske fag, naturvitskap og teknologi. Fakultetet har ikkje nokon mindre a