Bør karakterane fjernast på universitetet og bli erstatta med andre vurderingsformer?
- Ja, det er noko som må vurderast, uttalte dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet på Universitetet i Bergen, Helge K. Dahle, til Khrono nyleg. Han meiner karakterar kan vere eit hinder for læring, både fordi det skaper press og stress og fordi studentane kan bli meir opptekne av karakteren i seg sjølv enn læringa og innhaldet i faget.
Skepsis i arbeidslivet
- Det er heilt klart karakterpress på juss, og eg trur også puggekulturen og karakterjaget slår negativt ut for læringa, seier Benedicte Røvik, også ho tredjeårsstudent. Røvik er avtroppande leiar for Juridisk studentutval, og engasjert i arbeid med å forbetre læring og læringsmiljø på fakultetet.
I ei spørjeundersøking som Juridisk studentutval utført i 2017 sa over halvparten av dei 562 studentane som svarte at karakterpress var heilt eller delvis eit problem for