Gjekk gjennom rapport frå Riksrevisjonen
For i 2021 gjennomførte Riksrevisjonen ein revisjon for å finna ut om dei statlege forskingsinstitusjonane har gode nok ordningar for å sikra at forskinga skjer etter anerkjente forskingsetiske normer og reglar. Ein av konklusjonane var at desse institusjonane ikkje hadde eit godt nok system for å vera sikre på at moglege brot på dei forskingsetiske normene blir oppdaga, handsama og rapporterte.
På Universitetet i Oslo fekk eit utval med leiarar og nestleiarar i Forskingsetisk utval (FU) og Felles redelighetsutvalg (FR) for Institutt for klinisk medisin, Oslo universitetssykehus og Akershus universitetssykehus i oppgåve å gå gjennom rapporten frå Riksrevisjonen i samarbeid med sekretariata sine. Dei har også lagt fram endringar som skal leggjast fram for Universitetstyret på tysdag.
Forslaga til vedtak som UiO-styret får på sitt bord er fylgjande:
a) Universitetsstyret vedtar forslag til Retningslinjer for behandling av enkeltsaker om moglege brot på anerkjente forskingsetiske normer ved UiO.
b) Universitetsstyret vedtar forslag til Retningslinjer for behandling av enkeltsaker om moglege brot på anerkjente forskingsetiske normer ved Institutt for klinisk medisin, Det medisinske fakultetet og universitetssjukehusa
c) Universitetsstyret sluttar seg til reviderte mandat for Forskingsetisk utval og Felles redelighetsutval.
Skal ivareta internasjonalt aksepterte ordningar for rekruttering
Vitskapleg rekrutterin