Han er midt i røykepause nummer éin på dagens doble forelesing i Stat- og nasjonsbygging. Tittelen professor emeritus har han allereie fått. Men i dag er det siste ordinære forelesing for den folkekjære statsvitaren Aarebrot.
Det betyr at Egget ikkje berre er fylt med kunnskapstørste studentar, men at journalistar frå dei fleste av byens mediehus har tatt turen for å få med seg avslutningsforelesinga hans.
Kan forelese gratis
Aarebrot er sjølv ikkje klar for å legga bak seg undervisingsrolla endå.
- Eg håpar dette ikkje blir siste forelesning. Men det blir siste kor Universitetet i Bergen slepp å betala for det. Eg vil gjerne fortsette med dette - og eg kan for så vidt godt gjera det gratis også. Eg får jo pensjonen min. Det burde gå an å finna ei løysing, seier Aarebrot.
Professoren er ikkje overbegeistra for all merksemda.
- Studentane har eksamen i morgon - så dette er ei viktig forelesing for dei, seier Frank på veg opp igjen i Egget.
Men meir merksemd skal det bli. Midt i andre del av forelesinga kjem rektorat


































































































