Uniforum
04.05.2021
UiO reknar med å få 6,1 milliardar kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett for neste år. Berre 120 millionar kroner kan UiO disponera fritt. Universitetetsstyret skal diskutera prioteringane av pengane i dag.
No klokka 10.00 begynner årets tredje møte i Universitetsstyret ved UiO. På saklista står i hovudsak prioteringane i det stipulerte budsjettet for 2022. Året blir historisk for då skal starten på bygginga av det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy ta til.
Les merMesteparten av rekninga betalar staten, men det fører også til at det ikkje lenger vil koma inntekter frå billettsal eller suvenirsal frå Vikingskipshuset. Det vil seia at UiO sjølv må dekkja inntil 220 millionar kroner i bortfall av inntekter og 77 millionar kroner for basisutstillingar i byggjeperioden 2022-2026. I 2022 åleine vil dette gi UiO utgifter på 64 millionar kroner.
Det blir den største ekstra utgiftsposten for UiO i 2022, går det fram av styrepapira før møtet i Universitetsstyret i dag. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ber styret om å slutta opp om dei tilrådingane og prior