- På grunn av sikkerheitstiltaka og plasseringa av scenen, er inngangspartiet vårt direkte råka, og eg ser ikkje andre løysingar, seier Eiksund.
Vart ikkje involvert
Biblioteksjefen seier han ikkje var involvert i avgjerda om å legge arrangementet til plassen framfor biblioteket. I utgangspunktet skulle det finne stad framfor rådhuset og kulturhuset, men på grunn av andre arrangement der samstundes, blei det flytta.
- Eg skulle gjerne hatt moglegheit til å vere med på å ta den vurderinga, då me fekk beskjed var avgjerda allereie tatt. For min eigen del ville det vore betre om dei få personane som er einige i SIAN sine standpunkt kunne møtst tein annan stad. Slik det er no får dei akkurat den ståheien som dei er ute ette