Foto: Ola Sæther
Hos rektorkandidat Svein Stølen på Det matematisk-naturvitskapleg fakultet er det oppretta eit eige likestillingsnettverk med prodekanen som likestillingsansvarleg under Stølens prodekanperiode. Hos rektorkandidat Hans Petter Graver på Det juridiske fakultetet er det straks klar ein rapport som viser likestillingssituasjonen for kvinner i vitskaplege og teknisk-administrative stillingar ved fakultetet.
Det var to av dei konkrete tiltaka dei to rektorkandidatane kunne peika på var gjort, då dei deltok i ein debatt om likestilling og kjønnsbalanse på UiO i dag. Debatten blei arrangert av Universitetsbiblioteket, Studentparlamentet og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO. Debattleiar var Heidi Bang, tidlegare studentpolitikar som no er journalist i Universitas.
Alle ledige stillingar må vurderast
Det var rektorkandidat Svein Stølen som først blei utfordra til å svara på kva han reint konkret hadde gjort for likestillinga ved MN-fakultetet som prodekan og kjemiprofessor.
- Me har innført ein prosedyre der alle institutt må vurdera om det er mogleg å tilsetja ei godt kvalifisert kvinne, kvar gong det er ei ledig fast, vitskapleg stilling. Dessutan gir me kvinner som får barn


































































































