Uniforum
28.06.2022
Svaret vårt på ugjerninga i Oslo sentrum må bli eit samfunn som er meir ope og som dyrkar kjærleiken mellom menneske endå meir, uavhengig av legning og kjønnsidentitet. Ingen kuler kan ta livet av kjærleiken.
Klokka 01.15 natt til laurdag blei Oslo rysta av to drap utanfor utestadene Per på hjørnet og London Pub. Målet var truleg homofile og andre skeive som har London pub som stamplassen sin. I tillegg til at gjerningsmannen klarte å drepa to menn blei over 20 personar alvorleg eller lettare skadde av kulene frå våpenet hans. Konsekvensen av hendinga blei at den store Pride-paraden som skulle ha gått frå Grønland på laurdag 25. juni, blei avlyst etter råd frå politiet. Dermed blei det heller ikkje noko av Pride-markeringa som Universitetet i Oslo hadde planlagt i Botanisk hage.
Les merHeile laurdagen blei prega av sorg, men også av sinne over at nokon kunne finna på å utføra ei slik avskyeleg handling. Mange fann trøyst i å gå til åstaden og leggja ned blomar eller å snakka med andre som var komne d