Uniforum
13.12.2022
Konsekvensen av dommen i Høgsterett må bli at vindkraftsinstallasjonane blir fjerna straks og at heile området på nytt blir frigitt til Fosen reinbeitedistrikt.
I oktober i fjor slo Høgsterett samrøystes fast at vindkraftinstallasjonane på Fosen i Trøndelag er ei krenking av samiske rettar etter artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Den forsvarar minoritetar og retten deira til ikkje å bli fråtatt sin eigen kultur, til å praktisera sin religion eller til å bruka sitt eige språk. Jussprofessor Geir Ulfstein ved UiO peikar i ein kronikk i Rett24 på at i dommen gjer Høgsterett det klart at artikkel 27 også kan få noko å seia for tolkinga av Grunnlovas paragraf 108 om samiske rettar, og at den etter menneskerettslova går føre anna lovgjeving ved motstrid. Det vil i praksis seia at dersom den kjem i konflikt med anna lovgjeving på dette området, er det Artikkel 27 som skal ha forrang.
Les merDen juridiske tolkinga av artikkel 27 er at den er ei såkalla terskelavgjerd. Det vil seia at den ikkje g


































































































