AddToAny

Lege Khamis Elessi: - Situasjonen i Gaza er beintøff

Lege Dr. Khamis Elessi driv forsking på Det islamske universitetet i Gaza saman med Universitetet i Oslo. Etter å ha halde ut ti dagar med bombing orkar han ikkje meir.
- No ynskjer eg og familien min å dra herifrå og håpar det kan vera mogleg å få ei forskarstilling på Universitetet i Oslo, fortel han.

Ti dagar med krigshandlingar mellom Hamas i Gaza og Israel har sett stygge spor. I Gaza er 260 menneske drepne, medan 12 blei drepne i Israel. Dei aller fleste døde i Gaza var kvinner og barn. I Gaza fall også bygningen som husa kontora til TV-selskapa Al Jazeera og BBC og nyhendebyrået Associated Press (AP). Israel skulda Hamas for å ha skote ut rakettar frå bygningen, men Israel har ikkje lagt fram bevis på det, slik USAs utanriksminister Antony Blinken har kravd.

- Tøff og komplisert situasjon

Midt i Gaza by bur også nevrologen og førsteamanuensis Khamis Elessi på Det medisinske universitet ved Det islamske universitetet i Gaza. I mange år har han hatt eit langt samarbeid med forskarar på Institutt for helse og samfunn på Universitetet i Oslo. No vågar han så vidt å gå ute i gatene, men medan bombinga stod på, opplevde han stor redsel blant familiemedlemane sine.

- Me er alle i ein tøff og komplisert situasjon. I over 15 år har me budd i Gaza som blir rekna som verdas største fengsel. Det er stengt både frå sjø, land og lufta. Det er svært avgrensa kvar du kan dra og bevega deg. Det er vanskeleg å få tak i medisinar og reservedelar. Det skortar på alt her, fortel han til Uniforum på Skype tysdag i førre veke.

Truga av både covid-19 og israelske åtak

Men isolasjonen frå resten av verda og bombinga frå Israel er ikkje det einaste innbyggjarane i Gaza strir med.

- For litt over eitt år sidan dukka covid-19-viruset opp her. I mai i fjor hadde me kanskje berre 50 smittetilfelle. I mai i år har me registrert 100 000 personar som er smitta av koronaviruset. I mai i fjor hadde me eitt koronarelatert dødsfall, medan me i mai i år hadde 1000, seier han djupt skaka til Uniforum.

Medan folk prøvde å gjera det dei kunne for at koronasmitten ikkje skulle spreia seg, starta dei nye rakettåtaka mellom Hamas og Israel. Den israelske kommentatoren Gideon Levy skriv, ifylgje VG i avisa Haaretz at kampane starta opp fordi Israel klarte å provosera palestinarane med politiaksjonar mot folkegrupper som var samla rundt Al Aqsa-moskeen i Jerusalem, samtidig som palestinarar i Aust-Jerusalem blei kasta ut av husa dei hadde budd i sidan 1930-talet, og så flytta israelske busetjarar inn. Det meiner den israelske avisa var dropen som fekk begeret til å renna over, og som skapte sinne blant palestinarar. Hamas tok tak i situasjonen og sende mange tusen rakettar mot byar i Israel. Mesteparten av dei blei skotne ned av det israelske rakettskjoldet, men nokre landa og førte til

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt