Foto: Ola Sæther
Tidlegare har både styret ved Psykologisk institutt og fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet gått inn for å leggja alle studentklinikkane for vaksne internt på Psykologisk institutt. Når det gjeld Barne- og familieklinikken skal den halda fram med å driva som før i samarbeid med Nic Waals Institutt fram til det er gjennomført ei nærare organisering av denne klinikken.
Førte til uro
Det var eit forslag om å flytta klinikkane ut, samtidig som klinikkane blei stengde av UiO på grunn av dei ikkje blei drivne i samsvar med gjeldande lovverk, som førte til stor uro både blant studentar og tilsette på instituttet i oktober i fjor.
* Les i Uniforum: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt
Etter at ein intern rapport konkluderte med at Psykologisk institutt ville vera best tent med å ha klinikkane internt, har instituttleiar Pål Kraft og instituttstyret støtta tilrådinga. Det same har altså dekan Nils von der Fehr og fakultetsstyret ved SV-fakultetet gjort.
* Les i Uniforum: Psykologisk institutt vil ha alle vaksenklinikkane på huset
Dermed er det truleg at universitetsstyret kjem til å fylgja innstillingane frå dei to underliggjande styringsinstansane. Førebels ligg det ikkje føre noko endeleg framlegg til vedtak frå universitetsdirektør Gunn -Elin Aa. Bjørneboe til universitetsstyret. Den er ikkje klar før seinare den