Det seier Solve Sæbø, prorektor ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU).
Khrono treffer han i pausen av første dag av den store berekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen - SDG Confersence Bergen.
Universitetet i Bergen skriv sjølv om konferansen at her treffest universitets- og høgskulesektoren, næringsliv, fagrørsle, frivillige organisasjonar og dei som fattar avgjerdsler. Mål: Å drøfta korleis sektoren skal arbeida med berekraftsmåla.
Ein ny pedagogikk
Sæbø har leia ei arbeidsgruppe som det siste året har jobba med ei felles plattform. Der skal institusjonane kunne dela døme på korleis ein jobbar med berekraft innanfor undervisning. Plattforma vert formelt vist fram under siste del av konferansen.
Dagens studentar krev å vera ein del av å finna løysingar, og dei vil vera m