Khrono
31.12.2016
Forsking. Vi må innsjå at Noregs forskingsråd er eit dyrt og overflødig mellomledd, skriv førsteamanuensis Erik Døving, i dette innlegget.
(Innlegget er først publisert i Forskerforum)
Les merDagens system for fordelingav forskingsmiddeler for omfattande og tungrodd, skreiv Forskerforum (nr 9/2016) i ein reportasje frå Nederland. Situasjonen i Noreg er ikkje så ulik. Her heime kan vi byrje med å legge ned det meste av Noregs forskingsråd og fordele midladirekte tilinstitusjonane.
La oss seie at det krev eitt månadsverk å lage ein god prosjektsøknad. Dersom det i gjennomsnitt er ti prosent av søknadene som får tildelt middelkan vi enkelt seie at det for kvar tildeling har gått med nesten eit årsverk berre til å lage søknader. Det er minst ein million kroner. Kostnadene med å lage dei bortkasta søknadene må naturlegvis dekkas


































































































