Uniforum
08.05.2020
75 år sidan frigjeringa 8. mai 1945. I samband med koronakrisa har ein fått kjenna litt på gleda av eit samfunn som opnar opp igjen. Det er likevel ikkje mogeleg å samanlikna denne gleda med den som braut ut i Norge 8. mai 1945.
K R O N I K K
Les merNederlaget ved Stalingrad i 1943, landgangen i Normandie i 1944 og frigjeringa av Danmark bare nokre dagar tidlegare, hadde alt gjeve håp og peika framover mot denne dagen. Overgangen frå ein gledelaus kvardag med matmangel, utan ytringsfridom og med fengsling og tortur av motstandarar av okkupasjonen, må ha kjentes som ei indre vårløysing.
Etter frigjeringa kunne Universitetet i Oslo opna for studentar igjen. Autoritære regime har
Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: UiO
aldri vore komfortable med den frie og kritiske tanken. Difor oppstod det fort ei spenning mellom universitetet og okkupasjonsmakta.