I over 30 år har han forska og studert på politiske forhold i Etiopia, og han har også vore knytt til Universitetet i Addis Abeba som gjesteforskar. Samtidig har han også vore på mange opphald i Tigray-provinsen og er også gjesteforskar (adjunct professor) ved universitetet i delstatshovudstaden Mekele.
Stansa av etterretningspolitiet
Den siste gongen han var i Etiopia var hausten 2020, snaue to månader før krigen braut ut. Då hadde han vore på forskingsopphald i Tigray for å observera delstatsvalet, og skulle vidare til Addis Abeba der planen var å opphalda seg nokre dagar, før han skulle dra vidare til Noreg. Men då han kom til flyplassen i Addis Abeba blei han stansa av etterretningspolitiet, avhøyrt av etterretningssjefen, og beden om å dra ut av landet så fort som han kunne. Nokre hadde skulda han for å vera spion, sjølv om det einaste han hadde gjort var å samla inn forskingsdata.
- Eg hadde både offisielt visum, forskingsløyve og invitasjon frå delstatsstyresmaktene og alle andre papir i orden, så eg hadde ikkje gjort nokre feil. Det var etterretningssjefen einig i, men han sa at han ikkje kunne garantera for tryggleiken min, så derfor fann eg det mest tilrådeleg å dra frå Etiopia, før eg hadde tenkt, fortel Kjetil Tronvoll til Uniforum to år etter hendinga.
Seinare har han ikkje vore tilbake. Men han engasjerer seg framleis i alt som har å gjera med Etiopia og held fram med forskingsaktiviteten sin via fleirfaldige kjelder i landet. Og han ser også på forholdet mellom norske og etiopiske universitet og mellom norske og etiopiske akademikarar.
- Viser kor tett knytt ho er politisk
Kjetil Tronvoll har også bite seg merke i at Etiopias tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Hirut Woldemariam er utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo.
- No seier ho til Uniforum at ho ikkje lenger er med i regjeringa, men då ho gjekk av som forskings- og høgare utdanningsminister, blei ho utnemnt som rådgjevar med statsrådsstatus for statsminister Abiy Ahmed i sosiale spørsmål. Samtidig blei ho også peika ut som Etiopias offisielle kandidat til stillinga som utdannings- og forskingskommissær i Den afrikanske unionen. Og sjølv om ho no er gjesteforskar ved Universitetet i Køln, har ho ikkje gått av som rådgjevar for statsministeren. Og ein annan som har same rolle som henne, er pastor Daniel Kibret, som jo er skulda for folkemordsretorikk overfor Tigray-folket. No sit dei på same stad med same portefølje. Det viser kor tett knytt ho er politisk, er vurderinga til Kjetil Tronvoll.
Han peikar på at både Abiy Ahmed og Hirut Woldermariam tilhøyrer herlegdomsteologien innanfor den evangeliske kyrkja, og ikkje den etiopisk-ortodokse kyrkja.
- Dei næraste rådgjevarane til Abiy, tilhøyrer det same kyrkjesamfunnet, nokre meiner at dei har redda Etiopia, medan andre er overtydde om at dei fører Etiopia i ei heilt gal retning, fortel Kjetil Tronvoll.
Takka politisk oppnemnt rektor for karrieren sin
Når det gjeld den politiske karrieren til Hirut Woldermariam, trekkjer han fram at ho fekk toppstillingar også under det førre regimet til TPLF.
- I eit intervju eg la