KREV AT UiO OG STATSBYGG BETALER: Oslo kommune krev at Universitetet i Oslo og Statsbygg betaler for sykkel- og gangveg frå Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum. Det er føresetnaden for at kommunen gir UiO og Statsbygg løyve til å setja i gang med bygging av Vikingtidsmuseet på Bygdøy. Dette er staden der vegen passerer Bygdøy kongsgård.
Foto: Ola Sæther
Det var i møtet i universitetsstyret for nesten to veker sidan, eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo avslørte at planlegginga av infrastrukturen rundt det framtidige Vikingtidsmuseet på Bygdøy har kjørt seg fast. Hovudgrunnen til det, er at Oslo kommune står fast på at Universitetet i Oslo og Statsbygg både skal betala for den planlagde gang- og sykkelstien frå Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum, og for strekninga mellom Norsk Folkemuseum og Vikingtidsmuseet. Kommunen vil heller ikkje ha parkeringsplassar ved museet.
I byrjinga av november hadde Universitetet i Oslo eit møte med byrådsleiar Raymond Johansen der problema Statsbygg og UiO har møtt med utbygginga av vikingtidsmuseet, vart tatt opp.
Byråd for byutvikling, Hanne Marcussen kan ikkje kommentera saka før den kjem til politisk behandling. Kommunikasjonsrådgjevaren hennar, Kristine Langsfjord opplyser til Uniforum at det er fleire alternative forslag på Bygdøy, og at det enno ikkje er avgjort kva som blir den endelege løysinga.
- Derfor kan heller ikkje byråd for byutvikling, Hanne Marcussen ta politisk stilling til det, før ho får saka til handsaming på nyåret, seier Kristine Langsfjord.
- Kan bli forseinka med eitt år