AddToAny

Kranglar om nye namn på nye institutt ved NTNU

Kranglar om nye namn på nye institutt ved NTNU
To nye historiske institutt ved NTNU skal døypast neste veke. Namneforslaga som no ligg på bordet er ikkje ukontroversielle.
Neste veke får styret ved NTNU ei namnesak på bordet. Dei skal døype dei to nyoppretta historiske institutta ved Det humanistiske fakultetet (HF), som vart til etter at det tidlegare Institutt for historiske studier vart splitta opp etter år med konflikter.

Det var Universitetsavisa som først omtalte namnesaka.

Etter omfattande brev- og e-postveksling på kryss og tvers mellom institutt, fakultet- og rektorat-nivå, har rektor Anne Borg slutta seg til det styret ved HF sitt vedtak i saka. Ho ber dermed styret om å vedta følgande namn på dei nye institutta:

Institutt X får det nye namnet Institutt for historiske og klassiske studier (IHK), medan institutt Y får namnet Institutt for moderne politisk og sosial historie (IPH).

Les styrepapira her

Vi har brukt tida så godt som mogleg og det har blitt jobba med fleire forslag til namn på Y. Vi lukkast dessverre ikkje med å finne ei omforent løysing før saka vart sendt til NTNU sitt styre. Anne Kristine Børresen Dekan ved Det humanistiske fakultet

«Kan bidra til å styrke motsetningene»

Men det er ikkje ei ukontroversiell innstilling. Ifølgje styrepapira har det ikkje vore ein dans på roser å kome fram til desse namneforslaga. Dekan ved HF, Anne Kristine Børresen, skriv til rektor at:

«navnesaken kan (red. anm.) bidra til å opprettholde og styrke motsetningene mellom instituttene. Grunnlaget for å gjenopprette et forsvarlig arbeidsmiljø og på sikt legge til rette for samling av de to instituttene i en felles enhet vil dermed bli svekket.»

Foreslo to namn

Årsaka er at det ikkje har vore mogleg å finne eit kompromiss i saka. Både institutt X og Y fekk kome med to namneforslag kvar, med bakgrunn i desse kriteria:

Namn skal ikkje indikere konkurranse med det andre instituttet. Namn skal, så langt det lét seg gjere, vere dekkande for breidda av fagleg aktivitet ved instituttet. Namna skal kommunisere godt utad. Namna skal starte med «Institutt for...» og skal helst ha ei forkorting på tre bokstavar.

Institutt X med leiar Erik Opsahl i spissen kom med to forslag: 1) Institutt for historiske og klassiske studier, som fekk størst oppslutnad av dei tilsette, og 2) Institutt for arkeologiske, historiske og k

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt