200 SØKNADAR I VEKA
- Det som er viktig framover, er at kundane ikkje er redde for å ta kontakt, seier Roger Lund Antonesen, konserndirektør Personmarked i SpareBank 1 SR-Bank.
Fram til sommaren var det under 150 søknader i veka, fortel han.
- No, etter ei rekkje rentehopp, er det over 200 i veka. Talet har stige jamt i takt med renteaukane.
DOBLING I NORDEA
Anja Lohne Holm, senior kommunikasjonsrådgjevar i Nordea, fortel at talet på søknader dobla seg hausten 2022 sett i forhold til våren, og trenden held fram i 2023.
Det er eit økonomisk taktskifte for mange nordmenn som vi ikkje har sett på svært lang tid
Anja Lohne Holm, Nordea
- Det er eit økonomisk taktskifte for mange nordmenn som vi ikkje har sett på svært lang tid. I ei undersøking gjort for Nordea rett før jul såg vi at nordmenn kjenner på ei stor økonomisk usikkerheit, for eksempel svarer éin av fire at dei låner pengar for å betale nødvendige utgifter som mat og straum.
FIRE AV FEM FÅR JA
Danske Bank Norge skildrar auken i søknader om avdragsfridom siste året som «solid». Sbanken ASA opplevde ein auke på rundt 10 prosent i siste halvår 2022 samanlikna med første. DNB konstaterer berre ein auke.
Vil du ha siste nytt fra Finansfokus først? Abonner på vårt ukentlige nyhetsbrev!
I Nordea får rundt fire av fem ja på søknadene om avdragsfridom; dette er det føringane frå utlånsforskrifta som avgjer, ifølgje Lohne Holm.
- Vi vurderer sak for sak for å finne den beste moglege løysinga. Avdragsfridom er ei kortsiktig lø


































































































