AddToAny

Konspirasjon mot klimaforskinga

- Klimarealistene stikk kjeppar i hjula og stiller seg på tvers av det meste av det me står for her ved Universitetet i Stavanger.
I rolla som leiar for eit mangfaldig akademisk kollegium er det av og til slik at ein kan lure på korleis ein skal posisjonere seg, kva ein skal gjere - og ikkje minst kva ein skal seie. Spesielt gjeld det om ein står mellom kryssande interesser og med press frå ulike hald. Sjølv om krava er klare om tydelege svar, er det ikkje alltid opplagt kva som er rett og galt, og heller ikkje kva som er beste utveg. Om dette fekk eg eit muntert råd ein gong, og det var: «Om ingenting anna verkar, prøv sanninga.» Så la meg difor berre seie det som det er.

Sanninga er nemleg at det er med delte kjensler at eg stilte opp ved dette arrangementet. Invitasjonen gjorde at eg måtte tenke meg om, må eg innrømme. Meiningane rundt meg var delte, og eg har fått stor merksemd av mange slag for at eg valte å stille opp i eit møte i regi av Klimarealistene.

Eg forstår at folk har undra seg over at eg takka ja. For her handlar det ikkje berre om skepsis til menneskeskapte klimaendringar. Her står ein overfor ein organisasjon som i same slengen avviser seriøs akademisk forsking og rådande vitskapleg fundert kunnskap om utviklinga i klimaet på jorda. Og det skjer i tillegg med dårleg tilslørt forakt. For forsking som mellom anna står bak årets tildeling av Nobelprisen i fysikk til Syokuro Manabe og Klaus Hasselmann - for modellering av klimaet på jorda, kvantifisering av klimavariasjon og prediksjon av global oppvarming.

De får ha meg unnskyldt, men igjen luktar dette konspirasjonsteori.

Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger

Slik forsking er det altså som blir underkjent av Klimarealistene, i ein tone som er konspiratorisk, og med ein retorikk som er betre eigna til å provosere enn til å legge grunnlag for refleksjon, dialog og ettertanke.

Om ein alltid vil forargast i staden for å forsonast så blir det helst berre bråk. Dette er ikkje berre trist, men og farleg. For her står det om store og viktige spørsmål, som føreset både fotfeste og fatning.

For meg reiste denne førespurnaden difor eit dilemma. Var dette noko eg som rektor burde gje rom for, eller hadde eg gode nok grunnar til å avvise invitasjonen? Om eg hadde takka nei, var det vel nokon som hadde skulda meg for feigskap, scenenekt og innskrenking av ytringsrommet. Og når eg enda opp med å takke ja, så blei eg altså mistenkt for å gå god for både Klimarealistene og det nye tidsskriftet dei

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt