Uniforum
21.12.2022
Denne veka gjorde Taliban det klart at kvinner ikkje lenger får gå på universitet i Afghanistan. - Det var forventa, men eg håpa det ikkje skulle skje, seier UiO-tilsett og afghanar Zahir Athari.
Etter at Taliban overtok makta i Afghanistan i august 2021, har dei stadig vekk gjort livet vanskelegare og vanskelegare for kvinnene. Først forbaud dei jenter å gå på ungdomsskular og vidaregåandeskular. Dei skulle berre få ta barneskulen til og med sjette klasse. Og denne veka la Talban ned forbod mot at kvinner skulle få gå på universiteta i Afghanistan for å kunna få ei topp akademisk utdanning. Det har sjokkert heile verda, også Zahir Athari, som har jobba som vitskapleg assistent på Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Universitetet i Oslo. For 20 år sidan kom han til Noreg frå Afghanistan.
Les mer- Viser kor mykje utdanning betyr for jenter i Afghanistan
- Dette er katastrofalt for mange millionar jenter i Afghanistan. For ein månad sidan blei 52 jenter drepne i åtak på ein jenteskule. Nyleg kom likevel mange av dei som blei skadde for livet tilbake til jenteskulen for å ta eksamen. Det


































































































