Khrono
11.01.2017
Fusjon. Reclaiming our University heiter rørsla som peikar på toppstyrt leiing, målstyring og byråkratisering som øydeleggjande faktorar. Vi kan nå starte ei liknande rørsle i Noreg, meiner Bjarne Vandeskog.
1.januar 2017 oppstår ein ny stor kunnskapsorganisasjon i Noreg: Høgskulen på Vestlandet. Med det får vi òg ein gullkanta sjanse til å gje heile kunnskapsfeltet i landet ein skubb i eibetreretning.
Les merI altfor mange år har universiteta og høgskulane i Noreg, og heile den vestlege verda, blitt utsett for eit utoleleg press til å bli fabrikkar som produserer studiepoeng heller enn sosiale møteplassar med hovudåsyn at det skal vekse kunnskap ut avmøta.
Universiteta og høgskulane har vorte pressa til å laga meiningslause slagord som liksom skal uttrykkja våre mål og visjonar. I årevis har leiingane våre laga svulstige strategiar som ikkje girmeining for oss som gjer jobben med å utvikle og spreie kunnskapar til studentar, næringsliv og allmenta. Vi har altså vorte pressa til å te oss som om vi ikkje tilbyr noko anna enn eit til produkt på ein marknad som allereie flyt over av objekt