Reaksjonane frå fagmiljøa på HF og frå støttespelarar utanfor UiB har vore sterke, noko som er naturleg, og som speglar eit verdifullt engasjement på vegner av utsette og sårbare fagfelt. Men mykje av kritikken har etter mitt syn hatt vore urimeleg, og kan i verste fall føre til at problemet vert større enn det allereie er.
Kva handlar så kritikken om? Basert på oppslag i Khrono og andre medium skal eg her prøve å summere opp det eg oppfattar som kjernen: Prosessen fram mot bemanningsplanen har vore udemokratisk, og gjennomført over hovuda på fagmiljøa, vert det hevda. Fakultetsleiinga har gjennom tilnærminga dessutan lagt for dagen teknokratiske haldningar: Økonomi er sett framfor faglege omsyn, og som ei følgje av dette er store fag prioritert framfor dei små. Djupast sett handlar det tilsynelatande om manglande forståing for verdien av einskilde fag, og om mangelfull vilje til å prioritere desse - og dermed òg til å ta inn over seg dei negative konsekvensane av ei nedbemanning.
Skal eg prøve å lese ein strategi ut av denne argumentasjonen, så handlar den fyrst og fremst om å delegitimere heile kunnskapsgrunnlaget for bemanningsplanen. Om dette lukkast, har ein skapt ein situasjon som dels gjer det lettare å argumentere for at HF på eitt eller anna vis bør overstyrast eller overprøvast ovanfrå eller utanfrå, og som dels gjer det lettare å hevde at medlemene av fakultetsstyret trygt kan overlate heile avgjerda til magekjensla.
Kvifor er eg uroa over at ein slik strategi kan vinne fram? Det har mange årsaker, men lat meg vere open på mine eigne motiv: Eg er fagkoordinator for historie, eit fag som etter tilrådinga ikkje får drege inn stillingar i denne omgang, men som i likskap med andre fag i same situasjon står utsett til om kunnskapsgrunnlaget vert forkasta. For fem år sidan skulle fakultetsstyret òg vedta ny bemanningsplan i ei økonomisk pressa stode, og den gong var det nettopp historie som i siste sving og i strid med kunnskapsgrunnlaget og tilrådinga måtte gje opp ei av sine stillingar - til fo


































































































