Foto: Ola Sæther
I oktober 2016 kom historieprofessor John Peter Collett med krass kritikk av internasjonaliseringa av norske universitet. I Morgenbladet formulerte han eit retorisk spørsmål om kven som er i verdstoppen i norsk historie. Seinare har professor i statsvitskap Øyvind Østerud fylgd opp både i Klassekampen og i Aftenposten, og fyrer av ei breiside mot dei som ivrar for endå meir internasjonalisering ved Universitetet i Oslo og andre norske universitet.
Etter hans meining vil uavgrensa internasjonalisering føra til at det er irrasjonelt å ha universitet i ein språkleg og kulturell utkant som i Noreg. Aller sist ut på bana kom pensjonert medieprofessor Sigurd Allern. I ein kronikk i Uniforum skriv han at det er greitt at tre av ti ph.d.-stipendiatar er frå utlandet, men at det er meir problematisk når sju av ti er det.
Les i Uniforum: Internasjonaliseringens heiakor!
- Liknar på Trumps klappjakt på Obamas fødselsattest
Økonomiprofessor Kalle Moene stiller seg undrande til kritikken av internasjonaliseringa på universiteta. - Nokre gonger liknar dette meir på Donald Trumps klappjakt på Barack Obama for å avsløra at fødselsattesten hans ikkje er amerikansk, men kenyansk, seier han litt provokatorisk.
Kalle M


































































































