To år med unntakstilstand
Rundt to og ein halv månader etterpå, den 12. mars 2020, kom koronapandemien for alvor til Noreg, og alle som kunne måtte dra frå arbeidsplassane sine og jobba heimifrå. Det gjaldt også jussdekan Ragnhild Hennum, som måtte styra fakultetet under den nesten to år lange unntakstilstanden. Det har slett ikkje gjort henne mindre motivert til å ta ein ny periode som dekan.
- Det er mange utviklingsprosjekt som det kan arbeidast vidare med på Det juridiske fakultetet. Det er viktig at dei tilsette har så gode arbeidsforhold som mogleg, og at det er så god undervisning som mogleg. På grunn av korona har eg eigentleg vore på plass her i berre to år. Derfor kan eg tenkja meg å jobba vidare med å vidareutvikla undervisning og infrastruktur for forskarane, fortel ho.
- Har best av ei


































































































