Khrono
10.03.2021
Jonas Økland (22) melder seg som kandidat til leiarvervet i Norsk studentorganisasjon. Å få studentane attende til studiestadane er noko av det han synest vert særleg viktig det komande året.
Jonas Økland (22) har vore velferds- og likestillingsansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO) det siste året. No stiller han til val som leiar.
Les merDå Khrono hadde ei kartlegging av kven som kan vera aktuelle for NSO-verv frå hausten, sa Økland at han var i tenkeboksen.
- Det tok ganske lang tid før eg bestemte meg. Men eg synest NSO har gjort mykje bra. Eg ønskjer mellom anna å vidareføra at me vert godt lytta til politisk, og i tillegg ønskjer eg å jobba med organisasjonen, seier Økland.
- God kontakt med politikarar, og god kontakt med organisasjonen vil gjera at NSO kan få dei beste gjennomslaga, og halda fram med å verta lytta til.
Redd for at nokon droppar ut
Økland peikar på stortingsvalet, ny regjeringsplattform og arbeidet som må gjerast for å få mest mogleg studentpolitikk