Foto: Ola Sæther
Når den tyrkiske sosiologiprofessoren Isthar Gözaydin i kveld får UiOs menneskerettspris under ein seremoni i Gamle festsal, vil stolen hennar stå tom.
Men ho vil bli intervjua på link frå Tyrkia. Isthar Gözaydin har ikkje fått tilbake passet sitt etter at tyrkiske styresmakter tok det frå henne då ho i fjor haust skulle på ei utanlandsreise. Seinare blei ho arrestert og måtte sitja over to månader i varetektsfengsel i Izmir.
Det var også ved Gediz University i Izmir ho arbeidde som sosiologiprofessor og instituttleiar, då ho støtta ein protestaksjon på Twitter mot at dødsstraff skulle innførast på nytt i det tyrkiske rettssystemet. Det var nok til at ho fekk sparken frå universitetet. I eit intervju sa ho også at kurdarane hadde rett til å uttala seg. Dette er truleg grunnen til at no er tiltalt for å tilhøyra ein ulovleg terroristorganisasjon. I januar vil rettssaka mot henne starta. Isthar Gözaydin risikerer å få ei straff på opptil 15 år