AddToAny

Internasjonale UiO-tilsette får krasjkurs i norsk arbeidskultur

- Det me ynskjer å gjera er å gi deltakarane innsikt i uskrivne reglar i norsk arbeidskultur som kan bli utfordrande for internasjonale tilsette, fortel Jakob Fossland Dietz.
Han er koordinator for krasjkurset om norsk kultur som UiO tilbyr internasjonale tilsette.

Det er ein tidleg morgon i Stort møterom i Georg Sverdrups hus. Rundt borda sit 50 internasjonalt tilsette på UiO saman med kollegaer både frå Noreg, Europa, Nord- og Sør-Amerika og Asia. Alle skal gå gjennom eit krasjkurs i norsk arbeidskultur og norsk veremåte.

Førstekonsulent Jakob Fossland Dietz er koordinator for kurset som Den internasjonale seksjonen ved UiO (ISMO) tilbyr tilsette frå andre land.

- Dette handlar om norsk arbeidskultur. Det me ynskjer å gjera er å gi deltakarane innsikt i uskrivne reglar i norsk arbeidskultur som kan bli utfordrande for internasjonale tilsette, fortel han til Uniforum.

- Dette gjer me på ein interessant og nyttig måte. Det er plass til 50 personar på kvart kurs, og det blir arrangert to til tre gonger i semesteret. Dei er populære og blir fylte opp fort, men målet vårt er at alle som ynskjer å delta skal få høve til det, understrekar Fossland Dietz i ISMO (International Staff Mobility Office).

Gir oppgåver frå arbeidsliv og friluftsliv

Den som er henta inn for å gi dei internasjonale tilsette ei innføring i norsk arbeidskultur, er Lorelou Desjardins (39) som både er jurist, forfattar og spaltist i VG. Ho held foredrag og skriv om norsk kultur med eit glimt i auget. Boka «En frosk i fjorden - kunsten å bli norsk» gav ho ut på Cappelen Damm i 2017. Og i bloggen sin A Frog in the Fjord, deler ho sine eigne erfaringar med norsk kultur både i arbeidsliv og fritid. Sjølv kjem ho frå Marseille i Sør-Frankrike og via eit par år langt opphald i Danmark kom ho til nabolandet Noreg.

På kurset gir Lorelou Desjardins deltakarane ulike oppgåver henta frå både norsk arbeidsliv og frå norsk friluftsliv. Først viser ho ei tilbakemelding frå ein arbeidsgjevar til ein kandidat som har søkt jobb hos dei, og ber dei tolka teksten.

Frå friluftslivet gir ho dei ei oppgåve der nokon som har leigd ei hytte av DNT på fjellet, brått høyrer det bankar hardt på døra. Ute i snøstormen utanfor står to menn, som spør om dei kan gå liggja på golvet i hytta fordi det er for dårleg ver til å liggja ute i telt. Oppgåva går ut på om nordme

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt