Khrono
20.09.2019
I dag, fredag 20. september, reiser verdas største arktis-ekspedisjon frå Tromsø. Forskarane skal driva i isen, slik Fridtjof Nansen gjorde.
Det er 126 år sidan Fridtjof Nansen let skipet sitt, Fram, frysa fat i isen og driva mot polpunktet på Nordpolen. Som kjent lukkast han ikkje. Fredag reiser det tyske forskingsskipet Polarstern frå Tromsø. Målet er å få til det Nansen ikkje klarte.
Les merForskingsforum skriv at skipet skal reisa til den sibirske sida av Nordpolen. Her er planen å frysa fast i eit stort isflak og koma ut i Framstredet mellom Grønland og Svalbard om eit år. På isflaket skal det byggast forskingsstasjonar og verta gjort målingar.
UiB, UiT og NTNU
Prosjektet heiter Multidisciplinary drifting Observatory for the Study of Arctic Climat